Kvar skal minnesmerket stå?

Sydvesten 34/1977

Det er ennå ikkje avgjort kvar minnesmerket etter Ivar B. Sælen skal stå. Her er ikkje so mange stader å velja mellom. Lynghaugparken har vore nemnd. Andre ferdige anlegg er her ikkje enno, bortsett frå eit som snart er ferdig, men det er óg det beste etter mi meining. Eg tenkjer no på den nyleg tillaga rabatten framfor der den nye hovudinngangen til den utvida Oasen skal koma. Ved busstoppen her.

Her kunne ein plassera ein stor naturstein med t.d. eit relieff av Ivar Sælen. Oasen vert truleg Noregs største forretningsbygg. Ein verdigare plass enn denne er etter i mi meining vanskeleg å finna i dag. Dessutan var dette ein del av hovudgarden Sælen. Det var ikkje Lynghaugparken.

Har nokon eit betre forslag?

Minnesmerker i Fyllingsdalen