Mann og hest

I gavebrev av 25. mai 1970 bestemte Andreas Iversen Dalen at det skulle opprettes en stiftelse i hans navn.

I gavebrev av 25. mai 1970 bestemte Andreas Iversen Dalen at det skulle opprettes en stiftelse i hans navn. Sitftelsens formål skal være å tilgodese friluftsliv og naturgoders bevaring i Bergensområdet, og særlig Fyllingsdalen.

Det ble videre bestemt at «Det skal lages en minnestein på eiendommen ved Benshaugen med motiv «Mannen med hesten» innrisset.» Dette ble gjennomført med støtte fra Bergen kommune.

Om monumentet av Aslaug Sælensminde

Andreas i Dalen var siste eigaren av garden som no er gravplassen i Fyllingsdalen. Før han døydde skreiv han et testamente der han ynskte at noko av pengene som var att etter han skulle brukast til eit minnesmerke over «Mannen med hesten». Minnesmerkekomiteen i Fyllingsdalen tok seg av dette i samarbeid med Fritidsseksjonen. Kunstnaren Hugo Wathne, Stavanger, fekk oppgåva. Andreas ynskte at mannen på minnesmerket skulle likna han, og eit amatørbilete av Andreas vart sendt kunstnaren.

Minnesmerket står i Benshaugen, ved vegen opp til Helgeplassen. Det består av ei bronseplata som viser Mannen med hesten. Plata er 137 cm høg og 79 cm brei. Den er innfelt i steinen. Bautaen har ein høgde på 210 cm. Steinen er ein grovt tilhoggen raudleg gneis, levert av als Gunnar Hofsmoen, Flisa. Under bronserelieffet står der: Reist av Andreas I. Dalens Fond til Bergens og Fyllingsdalens Vel 1984.

Parkanlegget er planlagt av Fritidsavdelingens Plankontor ved projekteringssjef Erik 0. Markhus. Helleleggingen er utført av anleggsgartnermester Jan Askeland.

Minnesmerket vart avduka 21/6-1984. Lyshovden skules musikkorps spelte. Prolog av Leif Sælensminde vart lesen av Ragna Ådlandsvik. Tale av formannen i Minnesmerkekomiteen. Stein Ugelvik Larsen. Tale av Aslaug Sælensminde. Tale av varaordfører Henrik J. Lisæth som tok imot minnesmerket på vegne av Bergen Kommune. Avduking ved Karin Aardal og Eli Huus, som er slektningar av Andreas. Kunstnaren Hugo Wathne var til stades. Etter avdukinga var det festmøte på Borghilds Minne, med bevertning, song og musikk. Kommunaldirektør Audun Øiestad talte over emnet «Bergen og Fyllingsdalen». Vener og naboar hadde ordet og ein mintest gamle daner i Fyllingsdalen.

Minnesmerker i Fyllingsdalen