Petra Ersvær orienterer

om utstillingen

På vegne av Minnesmerkekomiteen i Fyllingsdalen vil også eg få gratulere med dagen og ynskje alle velkomen til utstillinga «Okkupasjon og frigjøring».

Ideen til denne utstillinga kom samstundes med forslaget om å heidra Leif A. Larsen for innsatsen hans under 2. verdenskrig. Sidan det i år er 40 år sidan frigjeringa, vart det frå skuleadministrasjonen. sendt ut anmodning til skulane om å arbeida med okkupasjonstida i undervisninga no i vår.

Vi i Minnesmerkekomiteen tykte då at dette var eit fint høve til å få i stand eit samarbeid på fleire plan i lokalmiljøet, og at dette samarbeidet kunne munne ut i ei temautstilling.

Ein invitasjon til samarbeid, resulterte i ein 8. mai-komite med representantar frå biblioteket i Oasen, alle skulane i dalen samt Minnesmerkekomiteen. Arbeidet har heile tida vore prega av iver og entusiasme, og mange har brukt mykje av fritida på arbeidet.

I tillegg til det konkrete resultatet som me kan sjå her idag, har arbeidet og hatt verdifulle ringverknader. At skuleelevane i dalen har lært mykje om okkupasjonstida vitnar alle dei flotte elevarbeida om. Sosiale kontaktar er knytta på forskjellig vis. Enno er det mange som hugsar krigsåra og kan fortelja om dei. Bange har og gått på jakt i skuffer og skap for å finna bilder, aviser, pass, rasjoneringskort og anna som kan gje informasjon om ei tid som for mange i dag er historie.

Vi er svært glade for alt vi har fått låne frå private til utstillinga. Det viste seg nemleg då vi kontakta musea i Bergen, att okkupasjonstidatida faktisk er for ung til at den er havna på museum. Derimot er vi Osterøy museum svart takksam for det vi har fått låne der. Ei slik utstilling er heller ikkje mogeleg utan økonomiske midlar, og vi vil gjerne retta ei takk til dei som har støtta oss på denne måten.

Eit siktemål med utstillinga er å fokusera på fylgjene av ufridom, for på den måten å understreka verdien av fred og fridom.

Ufridomen prøver me å vise ved alt som var forbudt,- ved køar og varemangel og innskrenka bevegelsesfriheit. Ufridom var det og for det frie ord i tale og skrift.

Fridomshåpet låg i motstandsrørsla sin kamp mot okkupasjonsmakta. Motstandskampen viser oss at fred og fridom er ingen sjølvsagt ting. Freden vi vann i 1945 har vart i 40 år, men vi har ingen garanti for at den skal vare for all framtid.

8. mai bør ikkje minnast berre som ei historisk hending, men stå som et symbol på at fred er ein vedvarande prosess som krev noko av oss alle. –