Slipesteinen

Slipesteinen ble funnet under arbeidene med den nye kirkegården i Fyllingsdalen i 1976


Slipesteinen ble funnet under arbeidene med den nye kirkegården i Fyllingsdalen i 1976. Den hadde tilhørt bonde og smed Ivar Andreas Dalen. Den ble omgjort til monument for å knytte «nye» Fyllingsdalen sammen med «gamle» Fyllingsdalen.

Monumentet ble avduket 27. november 1977.

Om minnesmerket av Leif Sælensminde

Den slipesteinen som no står i Lynghaugparken skal vera til minne om den første heimeindustrien i Fyllingsdalen. Det var «Ivar i Træ» som vi kalla han, eller Ivar Andreassen Dalen, 1851-1935, som brukte denne steinen. Han kjøpte det bruket som no er gravplass i 1885 for kr. 6.000. Han var smed og sette seg opp smia der. Tok til å laga knivar og ljå som han leverde til forretningar i Bergen. Men han skulle også vera gardbrukar. Dette arbeidet var det kona Karoline Huus frå Jølster som måtte ta ein god del av, i alle høve før barna var vaksne. Ivar var i smia so å segja støtt. Han var svært forsiktig med å bruka pengar, og smia vart etterkvart skrøpeleg og difor kald om vinteren. Dette førde til at han fekk ein kraftig lungebetendelse. Då først kom det ny smie.

Denne store slipesteinen som han brukte sto rett utanfor smia og vart driven av vasskraft frå elva som kom ned der. Men tida ho gjekk og Ivar døydde i 1935. 20 år seinare kom Fyllingsdalen under Bergen og smia hadde ikkje vore i bruk sidan Ivar døydde. Ein vinter med mykje snø rasa ho saman. Det gjekk mange år, men so kjøpte kommunen garden for å ha den til gravplass. Det var Andreas, son til Ivar, som så selde garden. Husa på garden vart etterkvart rivne. Det var berre slipsteinen som stod att.

På eit redaksjonsmøte i lokalavisa «Sydvesten» kom vi i snakk om denne slipesteinen. Dette gjorde at eg skreiv om det i bladet. Eg nemnde der at eg kunne tenkja meg steinen plassert som eit minne om denne heimeindustrien. Då var det dette merkelege hende: To mann, Kjell Wiberg i Atlas Copco og Thorolf Fredriksen i Auto 23 greip ideen. Saman med entrepenør Svein Kythe, arkitekt Halvdan Wiberg, Anders Kvam og Erik Markhus arbeidde dei med saka. Om dette var Sydvesten å takka veit eg ikkje, men det såg slik ut. Det endte i alle høve slik at slipesteinen kom på plass i Lynghaugparken på ei fin steinblokk med inskripsjon. Dette vart avduka med stor stas sundag 27. november 1977 kl. 13. Kring 300 menneske var møtt fram. Program: Åpning ved Stein Ugelvik Larsen, tale av Oddny Reigstad Larsen og avduking ved formannen i Bydelsutvalget Ester Hamre. Der var også musikk, det var av Varden skoles musikkorps.

Alt dette hende før Minnesmerkekomiteen var kome i arbeid. No er her 5 minnesmerke i Fyllingsdalen og det vil nok koma f leire. Vi får venta og sjå kva det neste vert.